Vaga etter bilder TMM 02355

Eventyrlig oppussing - Vågå

I siste episode av sesong 8 skal Halvor, Ole og Torkel til Vågå. Her ligg det ei eldre 80-tals furuhytte som skal forvandlast til ei tradisjonell norsk fjellhytte.
Av: Sander Gjertsen Sander Gjertsen
Tid å lese: 2 min

Vågå er ein nasjonalparkkommune som ligg i Nord-Gudbrandsdalen. Store delar av Jotunheimen høyrer til Vågå, og det er ved inngangen til Jotunheimen, i nydelege omgjevnader, vi finn vekas prosjekt.

Dei nye eigarane ønskte seg ei meir moderne hytte, og gjengen tok utfordringa på strak arm. Hytta var i god stand, men dei valde å opne opp planløysinga. Inngangsdøra blir flytta, lettvegger rivne og vindauge gjenbrukte. Halvor elskar å hente naturen inn, og fargepaletten er inspirert av dei vakre omgjevnadene rundt.

Vi var så heldige at vi fekk lov å vere med på innspeling, samt hjelpe til med montering av produkta vi leverte til prosjektet. Magnus Bjerknes i det lokale byggefirmaet Din Handverkar var med som montør og gjorde ein fantastisk innsats.

Vi leverte vår ytterdør Arendal Tett med todelt farge. Arendal er ei dør med utanpåliggande dekor som passar godt til hus og hytter i klassisk eller herskapeleg stil.
Fargane brukt er Jotun 8494 Organic Green utvendig og Jotun 10249 Sober innvendig.

Innerdørene som var levert er Stil1 tett og Stil3 Glas i fargen Jotun 10249 Sober. Stil-dørene held den aller høgaste kvalitet og er å rekne som eit flott møbel.

Kontakt oss

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Vel den perfekte  døra for heimen din (Right Image Hero)

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim