Etikk, miljø og berekraft i praksis
Bygg1 tek samfunnsansvar på alvor. Vi jobbar etter høge miljømessige og sosiale standardar, forankra i nasjonale og internasjonale retningslinjer og konvensjonar. Gjennom sertifiseringar som Miljøfyrtårn og PEFC dokumenterer vi vårt engasjement for ansvarleg drift og berekraftig utvikling.
I Bygg1 tek vi berekraft på alvor – ikkje berre som ein visjon, men som ein aktiv del av drifta vår. Vi arbeider målretta for å redusere miljøavtrykket og bidra til ei meir ansvarleg byggenæring.
Vi har valt ut fire av FNs berekraftsmål som vi har ekstra fokus på:
Mål 11:
Berekraftige byar og lokalsamfunn: redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering. Vi har som mål å redusere vårt klimafotavtrykk ved å ta bærekraftige val.
Mål 12:
Ansvarleg forbruk og produksjon: redusere avfallsmengda gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk. Vi har fokus på kvalitet og syter for god tilgang på reservedelar og vedlikehaldsprodukt for å forlenge levetida på våre produkt.
Mål 15:
Livet på land: Som PEFC sertifisert tek vi vare på viktige livsmiljø og fremjar bærekraftig skogsforvaltning. Sertifiseringa stiller krav til alle ledd i verdikjeda, og sørger for sporbarheit heilt tilbake til skogeigar. Dette gir blant anna auka vern av sjeldne og truga arter. Skog som er PEFC sertifisert forvaltast og drivast etter strenge miljømessige, sosiale og økonomiske kriterier.
Mål 17:
Samarbeid for å nå måla: Fremje eit allment, regelbasert, ope, ikkje-diskriminerande og likeverdig multilateralt handelssystem. Vi samarbeider tett med produsentar, transportselskap og kundar for å oppnå reell miljøeffekt innad i bransjen. Som Miljøfyrtårn-sertifisert svarer vi ut mange av dei krava og forventningane bransjen har til miljøleiing og bærekraftsarbeid.


![]()


![]()
Rettferd og ansvar i verdikjeda
Kundar og samarbeidspartnarar skal kunne stole på at dørene våre er produsert med respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dette gjeld heile verdikjeda – frå råvare til ferdig produkt.
For å sikre openheit og truverde i dette arbeidet, har vi også signert Grønnvaskingsplakaten og er stolte medlemar av ordningar som:
- Miljøfyrtårn
- Grønt Punkt Norge
- Ruteretur
- Grøn Energi
- Bring som transportør
- PEFC-sertifisert treverk
- Svanemerket
- EPD og dokumentert miljøpåverknad
- Openheitslova
Vi ønskjer å vere ein pådrivar for ansvarleg utvikling – og bidra til reelle, positive endringar i bransjen.
Openheit og innsyn
I tråd med openheitslova arbeider vi for å identifisere og redusere risiko for negative påverknader i leverandørkjeda. Lova gir alle rett til å be om innsyn i korleis vi jobbar med menneskerettar og arbeidsvilkår – og vi svarer på skriftlege førespurnader innan tre veker. Har du spørsmål om berekraftsarbeidet vårt?
Dokument og rapportar om ansvar og berekraft
Finn du ikkje det du leitar etter?
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.
Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.
Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90
Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway