Kva er Grønnvaskingsplakaten?
Grønnvaskingsplakaten er eit initiativ lansert av Skift i samarbeid med Miljøstiftelsen Zero, med innspel frå Verdens Naturfond (WWF) og Fremtiden i våre hender. Den er utforma for å sikre at bedrifter kommuniserer sitt berekraftsarbeid på ein ærleg og open måte, utan å overdrive eller villeie. Grønvasking vil seie å framstille produkt, tenester eller verksemda som meir miljøvennlege enn dei faktisk er.
10 prinsipp for god kommunikasjon
Ved å signere Grønnvaskingsplakaten har vi forplikta oss til å:
- Vere ærleg og etterretteleg.
- Passe på at berekraftsarbeidet ikkje berre skjer i kommunikasjons- og marknadsavdelinga.
- Vere varsame med å snakke om viktigheita av berekraft, natur, klima, menneskeverd og etisk handel, dersom ein ikkje sjølv har teke reelle grep.
- Unngå å tåkelegge eigne utslepp og negative avtrykk på klima, natur og menneske.
- Vere varsam med å bruke ein stor del av marknadsbudsjettet på små tiltak som ikkje gjer noko med det vesentlege fotavtrykket.
- Unngå å kjøpe god samvit gjennom klimakvoter eller ved å la andre plukke plast.
- Bruk dei etablerte merkeordningane, eller jobb for å etablere gode merkeordningar på tvers av di bransje dersom det manglar.
- Ver forsiktig med uttrykk som «betre for klima», «betre for naturen», «betre for miljøet» osv.
- Vere varsam med å marknadsføre verksemda berre på berekraftsmål ho er god på.
- Vere forsiktig med å bruke donasjon og sponsorar som prov på at du jobbar med berekraft.
Bli med i fellesskapet!
Vi håpar at denne kunngjeringa vil bli godt motteken, og at den inspirerer fleire i bransjen til å ta liknande steg mot ein meir berekraftig og open forretningspraksis.
Les meir om dette her: https://www.gronnvasking.no/
Kontakt oss
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.
Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.
Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90
Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway