Dette er femte gong Bygg1 har vunne denne kåringa i Hellvik Hus! Tidlegare prisar vart motteke i 2011, 2014, 2015 og 2018.
Årets pris vart overrekt onsdag 17. september under Hellvik Hus si årlege kjedeleiarsamling, som denne gongen vart arrangert i Oslo.
I grunngjevinga frå Hellvik Hus står det:
– Er pålitelige
– Er svært gode på oppfølging
– Har gode rutiner på reklamasjonsoppfølging
– Er en aktiv medspiller til kjedekontoret
Vi i Bygg1 set umåteleg stor pris på utmerkinga! Det er stort at vi hevdar oss så godt i konkurranse med meir kjende og store merkevarer. Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. Godt samspel med kundane og kjedene sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast.
Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god service i alle ledd!
Sjå artikkel på bygg.no: https://www.bygg.no/article/1407709
Kontakt oss
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.
Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.
Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90
Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway